Annonser




			Skriv ut
		Skriv ut

Bygningshistorisk Park


Avstander
Dombås15 Km
Kontakt
Adresse:
Hjerleid
2662 Dovre

Telefon61 24 05 51
Telefon90 60 49 72
E-poststeinar@hjerleid.no
Webwww.hjerleid.no


Beskrivelse

Bygningshistorisk park (BHP) på Dovre skal vera ein varig plass for formidling av handverkskunnskap. Ved oppføring av ulike konstruksjons- og bygnigstypar vert bygningstradisjonar dokumentert. Dei ferdigstilte byggverka tener pedagogiske føremål. Praktisk kunnskap om byggjeskikken vår til ulike tider, er vilkår for eit antikvarisk fullverdig bygningsvern.

Ideen til Bygningshistorisk park (BHP) vart fødd alt i 1989. Handverksregisteret på Maihaugen, no Norsk handverksutvikling (NHU), starta då opp arbeidet med ein byggjefagleg dokumentasjon av handverkskunnskap over heile landet. NHU har vore ein sentral samarbeidspart i oppbygging av parken.
Vi ser difor på Bygningshistorisk park som eit viktig middel til å byggje opp kompetanse i, og forståing for, autentisk restaurering, rehabilitering og vedlikehald av verneverdige byggverk. Første fase av arbeidet dreiar seg om å vinne kunnskap. Andre fase dreiar seg om formidling. Grensene mellom dei to er ikkje skarp.

Eit ønske vi hadde når vi leita etter område til parken var vatn til å drive ei oppgangssag. Planen var å byggje opp ei ny sag, eller restaurere eller rekonstruere ei gammal ei. Eit anna ønskje var å kople ein skule eller ein utdanningsinstitusjon som driv opplæring i byggtømring til parken. På Dovre har Hjerleid sidan 1886 vore ein viktig skule for handverksutdanning i Noreg, både når det gjeld treskjering, møbelsnekring og tømring. Ved Rudiåa på Dovre var det restar etter ei oppgangssag. Vi hadde funne det vi leita etter.
Bygningshistorisk park ved Rudiåa på Dovre vart offisielt stifta 24. november 1993 av Dovre kommune, Hjerleid vidaregåande skule, Dovre historielag, Dovre skogeigarlag og Dovre reiselivslag. (Reiselivslaget vart seinare oppløyst og omgjort til Dovre næringsforeining, og er ikkje lenger med i stiftinga.)
I det følgjande presenterer vi nokre av bygningane/objekta i parken.

Tjøremila
Tjøremila var første byggverket i parken. Ho er i bruk nær kvart år for å produsere milebrent tjøre, og for å ta vare på kunnskapen og tradisjonen om å utvinne tjøre. Bygningshistorisk park har etter kvart levert 7500 liter milebrent tjøre og eit urekneleg tal menneske har vore med på dette. Skoleklasser blir spesielt inviterte til å vera med på delar av prosessen.

Oppgangssaga
Den første bygningen som kom på plass, var oppgangssaga. Det dreide seg om ei konkret oppattbygging av ei sag som hadde vore der. Den gamle saga var i bruk frå først på 1700-talet og fram til på slutten av 1800-talet, men hadde falle heilt saman. Berre nokre restar låg att. Arbeidet med å rekonstruere «Rudi- saga» starta i 1990, ved at arkitektstudent Kjeld Nash valde denne som diplomoppgåve. Kjeld dokumenterte funn frå den gamle saga, laga teikningar og ein modell. Dette vart grunnlag for oppattbygging slik saga står i dag.
Byggjearbeidet starta i 1992, og saga sto ferdig i 1994. Saga vert i dag brukt til opplæring og demonstrasjon i sommarhalvåret når det er vatn nok i bekken.
Dei einblada vassdrivne oppgangssagene står for noko svært sentralt i Noregssoga. Dei første sagene var i gang så tidleg som seint på 1400-talet, og dei var så å seia einerådande når det gjaldt saging til eksport fram til 1860. Som kjent var sagbruksindustrien ved sida av fiskeri og bergverk ei dominerande eksportnæring i Noreg i meir enn 400 år.

Sagstilling
Sagstillinga i Bygningshistorisk park er bygd under leiing av Roald Renmælmo frå Målselv. Som det meste i parken var også dette eit opplæringstiltak. Stillinga er såkalla «permanent» og bygd for handsaging av bord og plank. Sagstillingar kan også vera transportable. Dei vart då frakta dit tømmeret låg, eller dit materialen skulle brukast.
Dei handdrivne sagene kom i bruk i andre helvta av 1700-talet og vart eit dominerande element i saging til heimebruk til langt ut på 1800-talet. Fleirtalet av bordkledde hus frå 1800-talet let til å vera kledde med handsaga bord. Båtbygginga gjekk også for seg spreidd og ofte i stor avstand frå sagbruka. Det var først når handsagene kom, at båtbyggjarane for alvor tok inn over seg teknikken med å byggje av saga bord. Overgangen frå hogne til saga bord var ikkje mindre enn ein revolusjon i båtbyggingsteknologien. Dei siste handsagene kom av bruk så seint som fram mot 1950. Dei representerer ein svært viktig del av bygningshistoria både på sjø og land.

Tømmerkoia
Det meste av tømmeret dette huset er sett opp av, vert frå skogbruket si side definert som sliptømmer. Det er tømmer som elles går til oppmaling i såkalla tresliperi. Tremasse går inn i papirproduksjon og ei lang rad trefiberbaserte produkt. Byggjearbeidet vart gjort som del av opplæring for elevar på den dåverande restaureringslina ved Hjerleid vidaregåande skule på Dovre. Huset er no i bruk som klasserom, kvilebu og møteplass.

Utedo
Utedo, som helst ber nemninga kamar eller dass, er ein viktig del av norsk bygningssoge, men han er i liten grad dokumentert og teken vare på gjennom vern. Dassen kom bort med innføring av vassklosett, grovt rekna i tida 1900–1980. Dassen i Bygningshistorisk park er laga i stav og laft med fleire spennande byggjetekniske detaljar og materialbruk. Også dette huset vart bygd i samband med opplæring av elevar på restaureringslina ved Hjerleid vidaregåande skule.

Vesleburet
Vesleburet er bygd etter førebilde frå eit mellomalderbur i Tinn i Telemark. Det er lagt inn fleire laft og fleire stokkformer enn på originalen. Kvaliteten på materialen, så vel som laft, stokkformer og arbeidsmåtar, er etter gamle førebilete. Alt tømmeret er sprettetelgd og sletta med reiskap som var i bruk i mellomalderen.
Huset var avsluttande oppgåve for Hans Marumsrud frå Atrå, Tinn i Telemark, då han var handverksstipendiat ved NHU frå 1995–1998.

Låven
Prosjektet Låven er ei lang historie, som enno ikkje er avslutta. Det starta med Handverksregisteret si satsing på reiste konstruksjonar i 1989. Vi var i gang med å reise eit grindebygg på Hordamuseet. Peder Skorpen og Olaf Daae var sentrale tradisjonsberarar på dette bygget. Steinar Moldal hadde rolla
som fagperson og Jon Bojer Godal dokumenterte. Etter kvart vart planen for Låven utvikla. Vi skulle byggje ein middelstor låve med i alt seks beresystem representert. Kvart system skulle få ein bolk på 5 x 8 meter. Huset vart altså åtte meter breitt og 30 meter langt. Det vart etter kvart redusert til fem system (25 meter) og med ei frittståande løe i grindverk ved sida av. Dei ulike delane skulle byggjast regionalt for så å føyast saman på Dovre. Dei ulike seksjonane syner prinsipp for stavreising frå: Hedmark (sveitserrøst), Hadeland (fotingsrøst), Sunnmøre (grindhus), Romsdal (bukkehus), Nordmøre (stavline) og Trøndelag (sperreverk).

Sjølve bygginga av låven starta med eit dokumentasjonsprosjekt i Ringsaker i 1998. Trygve Skaug frå Næroset var tradisjonsberar. Byggjemåten vert kalla sveitserrøst. Sveitserrøst er ein konstruksjonstype som kom til utvikling i andre helvt av 1800-talet. Det fekk si utbreiing over austlandsbygdene så langt nord som til Tynset, så langt vest som til Dovre, Valdres og Aust-Telemark. Typisk for systemet er dei langsgåande takstolane.
I 1999 starta bygginga av ei grindeløe i Sykkylven på Sunnmøre. I 2001 vart ho gjort ferdig. Odd Brunstad frå Sykkylven var informant. Romsdalen sitt bukkehus vart reist i år 2000 på Kleive i Molde kommune, med Erling Åfløy som tradisjonsberar. År 2000 starta vi med å ta ut tømmer til stavlinehuset på Nordmøre, og dette prosjektet vart fullført i 2001 med Olav Haugen frå Kvanne som tradisjonsberar.
I 2001 bygde vi fotingsrøstet. Det skjedde ved Hadeland folkemuseum med Oddbjørn Myrdal frå Jaren som tradisjonsberar. Same år bygde vi også seksjonen i sperreverk. Tradisjonsberarar var museumshandverkar Jarle Vangstad frå Verdalen.
Stipendiat Espen Martinsen frå Nittedal, handverksstipendiat ved NHU frå 2003–2006, har leia arbeidet med å få mur under bygget. I den samanhengen er det arrangert ein serie med kurs i tørrmuring. Den store dagen kom då vi i april 2002 reiste låven. Alle systema blir bygde flatt liggjande på bakken og fungerer som «lego». Dei kan bli sette saman kor som helst etter samanhogginga. Delane vart altså frakta til Dovre og sett saman der. Det knytte seg stor spenning til om dei ulike byggjesetta heldt same mål. Det hadde dei ganske nære. Vi fekk ikkje problem med samanbygginga. Bukkehuset har dobbelt bering med både åsar og sperrer. Dette huset vart litt for høgt,
men ikkje meir enn at vi fekk jamna det til. Etter at låven vart reist, har arbeidet med han halde fram. Det gjeld kleding, tekking, låvebru og måling. Kursa og samlingar av ymse slag i regi av Senter for bygdekultur har vore knytte til. Erlend Mæhlum frå Biri, handverksstipendiat ved NHU frå 1998–2001, har måla med ulike bindemiddel. Trond Oalann frå Espeland, handverksstipendiat ved NHU frå 2003–2006, har stått for å kle grindeløa med einer og bjørkeris.
Låven har på denne måten fylt sin funksjon på mangfaldige måtar:
- Låven har vore viktig ledd i NHU si satsing på
eldre byggjeteknikk. Vi har enno mange ugjorde prosjekt før han er ferdig tekt. Ulike slags tekkingar skal lagast og leggjast. Enno skal mykje kunnskap utviklast ved hjelp av Låven.
- Byggjeprosessen representerer ei omfattande kunnskapsutvikling. Dei ulike prosjekta har skaffa fram uvurderlege og store mengder innsikt og praktisk kunnande om byggjemåtar som var ved å gå ut av aktiv bruk. Utan NHU sine prosjekt og med Låven som synleg uttrykk, ville ein vesentleg del av vår byggjeskikkhistorie gått tapt. Går vi berre 20 år attende i tid, var ord som sperreverk, fotingsrøst, sveitserrøst og stavline knapt å finne i bygningslitteraturen.
- Låven har vore, og er, eit viktig pedagogisk hjelpemiddel i det å formidle den kunnskapen som han representerer til nye generasjonar av handverkarar. Eit stort tal fagfolk har vore, og vil bli, involvert på kurs og samlingar i denne samanhengen. Mange ventar på tur for å få vera med på å gjera Låven enno meir ferdig til ny bruk.
- Låven har vore viktig i allmenn formidling av byggjeskikk. Svært mange har vore og kikka, fått orientering og sett på demonstrasjonar av ulike slags. Det har vore mange tema oppe, frå reising av små bygg til tekking med ulike slags bord og spon.

Låven er og vil bli eit markert element i bygningshistorisk park. Han er samlingsplass under arrangement, og verkstad under ulike kurs og samlingar.
Låven vil bli ståande som eit monument over det arbeidet som Norsk handverksutvikling og Senter for bygdekultur står for i arbeidet med å føre vidare viktige delar av vår handverkskultur. Mange skal takkast for innsats. Stiftinga Bygningshistorisk park og Norsk handverksutvikling har eit stort ansvar for å forvalte det som er utvikla og som skal førast vidare. Låven er og vil bli eit viktig hjelpemiddel i arbeidet med å styrke handverka og tradisjonane kring dei.


Nasjonalparkriket Reiseliv AS 

Telefon: +47 61 24 14 44   E-post: info@rondane-dovrefjell.no    Postadresse: Pb. 172, 2659 Dombås, Norway   Besøksadresse: Dombås Turistkontor, 2660 Dombås